Tips
Alle innleggKrokan
Det er viktig å eta ein del is om sommaren, og det er veldig godt med litt heimelaga krokan på! Det er enkelt å laga krokan, men veldig mykje betre enn andre ting ein kan ha på isen (bortsett frå jordbær, kanskje…).
Du treng tre ingrediensar: Mandlar, sukker og smør. Til ein liten porsjon som er nok til 4-5 skåler is er dette ok mengdar:
– 80 g sukker
– 90 g mandlar
– 1 ss smør
(I utgangspunktet kan du gå ut frå ca like delar med sukker og mandel, og så ein «dæsj» smør. Eg brukar litt meir mandel enn sukker, men det er vel smak og behag.)
Finn fram steikepanna, og gjer klar ei steikeplate eller ei skjerefjøl dekka med bakepapir. Ha sukkeret og mandlane (heile) i steikepanna og brun det. Pass på at det berre skal bli brunt, ikkje svidd…
Rør inn smøret når sukkeret er brunt. Ha blandinga over på bakepapiret.
La det stå slik til det er avkjølt, eit kvarter ca. Hakk så opp i små bitar. Vil du ha blandinga finmost kan du kjøra det gjennom ein foodprocessor. Til topping på is fungerer kjøkkenkniven fint!
Så er det bare å finna fram iskremen og nyta det!