I eit forsøk på å læra ulike typar takkebakst har eg i dag laga «potetmoskaker». Vanlege potetkaker blir jo laga av poteter, men første gong må det vera lov å baka med potetmos ;)

DSC_0019_RE

Ingrediensar 

– 180 g potetmos (brukte Mills, men merket er det same så lenge det ikkje er krydder eller grasløk i…)

– 1 dl kveitemjøl

– 6 dl lunka vatn

Slik gjer du det: 

Bland potetmos og kveitemjøl, og vend inn vatnet. La det stå og trekka litt i eit par minutt.

DSC_0001_RE

Varm opp takka eller steikepanna til middels varme. Finn fram eit grytelokk eller anna du kan stikka ut lompene med, ca 15 cm diameter. Det blir 14-15 lomper av denne porsjonen. Kjevle lompene ut med ein del mjøl slik at dei slepp benk og reiskap lett. Steik på tørr takke eller steikepanne, og vend dei eit par gonger undervegs i steikinga. Fjern mjøl frå takka/steikepanna undervegs, slik at det ikkje smaker brent.

DSC_0004_RE

Legg ferdigsteikte lomper i ein stabel inni eit kjøkenhandkle slik at dei vert mjuke.

DSC_0005_RE

Lompene er kjempegode ferske, og også gode å frysa. Server med smør og sukker.

DSC_0013_RE DSC_0016_RE DSC_0015_RE DSC_0008_RE