Her kjem oppskrift på ei kjempegod sommarkake! Botnen er enkel: Eggekviter, sukker og kokos. Så kjem eit lag med gul krem/eggekrem, så svisker som er kokte og nedkjølte, og på toppen litt kremfløyte. Sviskene kan du byta ut med friske bær om du heller vil det. Botnen med gul krem og svisker er fin å frysa, pynt i så fall med piska krem like før du serverer.

DSC_0067_RE

Kokosbotnen:

– 4 eggekviter (viktig at det ikkje er eggeplomme med i det heile tatt)

– 4 dl sukker

– 4 dl kokosmasse (tilsvarer nesten ein pose på 200 gram)

Slik gjer du det: Stivpisk eggekvitene. Ha i sukkeret etter kvart og rør det godt inn. Rør inn kokosmassen.

Ha røra i ei kakeform som er smurt eller kledd med bakepapir. Steik kaka ved 150 grader i ein time. Avkjøl.

DSC_0005_RE

Gul krem/eggekrem: 

– 1,5 dl fløyte

– 150 gr sukker

– 6 eggeplommer

– 1 ts vaniljesukker

– 50 g smelta smør

Slik gjer du det: Bland saman fløyte, sukker, eggeplommer og vaniljesukker i ei gryte. Kok det forsiktig opp under omrøring. Det er svært viktig å passa på når det nærmar seg kokepunktet. Kremen har lett for å svi seg, så du bør røra heile tida, pass godt på botnen. Ved kokepunktet vil kremen tjukna til. Bland i det smelta smøret og rør til kremen er jamn og litt tjukk. Avkjøl.

DSC_0060_RE

Sviskene

– 1 pk steinfrie svisker

– 2 dl vatn

– 1 ts sukker

Slik gjer du det: Det kan vera lurt å dela sviskene i to først, elles blir dei litt store. Ha ca to dl vatn i ei gryte og ha i sviskene og sukkeret. La det koka på svak varme i gryte med lokk i ein halvtime.

DSC_0063_RE

Når du då har laga dei ulike delane: Legg kakebotnen på eit fat, stryk den gule kremen utover, fordel sviskene fint og jamt utover, og pynt med piska krem på toppen. Og vips: Du har ei kjempegod kake!

DSC_0066_RE DSC_0065_RE

bilde (1)

Siste bilete vart med mobilen, så det var ikkje heilt på topp. Men her er i alle fall toppen av kaka!