Av og til er det kjekt at bakverket ikkje bare smakar godt, men ser litt ekstra fint ut. Flettebrød er liksom eit hakk finare enn vanleg loff. Deler her oppskrifta eg bruker på flettebrød. Det blir eit luftig og lett brød som er godt både til frukost og til middag!

CIMG4073«

Oppskrift på eitt flettebrød:

– 50 g gjær (1/2 pakke)

– 1 ss mjuk margarin

– 2 dl lunka vatn/mjølk

– 1/2 ts salt

– 2 dl sammale kveite, grovt

–  ca 3 dl kveitemjøl

Del opp gjæren i ein bakebolle. Smelt margarin, ta vekk frå plata, og tilsett mjølk/vatn. Blandinga skal vera fingervarm (37 grader) når du blandar med gjæren. Rør salt og sammale mjøl inn i blandinga. Tilsett kveitemjølet litt etter litt slik at du kan tilpassa mengda etter behovet. Eltinga er viktig for eit luftig resultat, så ta gjerne god tid med å elta godt. Sett til heving til deigen har heva til dobbel storleik.

Elt ferdigheva deig lett saman og del i tre like delar. Lag tre jamne pølser på ca. 50 cm. Flett i veg! Legg på bakepapir på bakeplate. La heve under plast eller kjøkkenhandkle i omlag tre kvarter. Pensle med egg og strø på valmuefrø om du har det. Steik i 20-25 minutt ved 220 grader.

CIMG4072