Ei nydeleg eplekake frå Det søte liv! (Gå inn på detsoteliv.no og søk på «Eplekake i langpanne med vaniljekrem» for å finna oppskrifta.) Kaka skal med på loppemarknad, men eg måtte smaka eit lite hjørne sidan eg ikkje har vore borti denne eplekaka før. Det var i alle fall ingen ting i vegen med den biten eg smakte på, så kanskje eg må prøva litt meir ;) Veldig luftig, saftig og frisk kake med nydelege smakar. Eit lag vaniljekrem oppå epla gir ein ekstra god smak, og hakka mandlar på toppen bidrar med litt sprøtt til det mjuke. Mmmmmm….

DSC_0200_R_liteDSC_0202_R_lite

Det er jo noko eige med eplekake om hausten, når norske, syrlege eple kan haustast inn. Men det skadar ikkje med eplekake resten av året heller!

DSC_0211_R_lite DSC_0217_R_lite