Når eg veit eg går ei litt travel tid i møte, så prøver eg få tid til å laga ein stor porsjon pizzahorn. Greitt å kunne ta ein enkel middag når ein har heimeeksamen, eller unna seg ein litt betre kvelds. Horna held seg fint i kjøleskapet eit par dagar, og er raske å tina i microen om dei kjem rett frå frysen.

DSC_0283_R_lite

Oppskrift på deigen:

– 5 ss mjukt smør

– 1 liter vatn

– 1.5 pk gjær (brukar tørrgjær)

– 1 ts salt

– 4-5 dl sammale kveitemjøl, grovt.

– Kveitemjøl til deigen blir passe

Smelt smøret på svak varme i ei gryte. Trekk til sides og ha i (litt lunka) vatn. Væska skal vera 37 grader. Ha tørrgjær, salt og ein god del av mjølet i bakebollen/kjøkkenmaskina. Bland det tørre godt saman, og ha væska oppi. Elt godt, gjerne i 10 minutt. La deigen heva medan du lagar fyllet.

Pizzafyll:

– 600 g kjøttdeig

– 1/2 løk

– Eit halvt glas tomatpurè

– 2 ss kveitemjøl

– 1.5 dl vatn (omlag)

– Salt, pepper, timian, oregano etter smak

Hakk løken i små bitar. Varm ei steikepanne, og brun kjøttdeigen godt. Når han er gjennomsteikt skrur du varmen ned litt, og surrar løken saman med kjøttdeigen. Etterpå tar du steikepanna av plata og blandar inn eit halvt glas tomatpure. Ta deretter på to spiseskeier kveitemjøl som du rører ut med ein desiliter kaldt vatn. Når tomatsausen er klumpfri, kan du spe på med det du måtte trenga av meir vatn. Set steikepanna på over middels varme på plata. Sausen tjuknar til litt etter kvart, så han kan godt vera litt for rennande i utgangspunktet. Godt med saftig fyll! Smak til med salt, pepper og krydder. La sausen koka i fem minutt.

DSC_0272_R_lite

Deigen gir 6×8 horn (seks leivar med åtte horn på kvar). Dersom du vil ha litt godt med fyll i horna, er det ikkje nok pizzafyll til alle horna. Då pleier eg å fylla resten med ost og skinke, eller bare lage dei utan fyll.

Ta ein sjettedel av deigen og kjevle han rund og tynn, omlag 0.5 cm tjukk. Mange brukar kveitemjøl under forming av gjærbakst for at han ikkje skal klistra seg til hender og bord. Eg bruker ein dæsj nøytral matolje, – det gjer same nytten, men ein unngår tørre mjølflekkar.

DSC_0273_R_lite

Legg ein klatt med pizzafyll i den breiaste halvdelen av snippane.

Rull saman frå den breie delen til den tynne. Press godt saman rundt fyllet slik at det ikkje renn ut. Legg spissen under hornet.

DSC_0277_R_lite

Legg dei til heving etter kvart. Dei kan godt heva i tre kvarter. Legg på ei osteskive om du vil. Steik dei på 240 grader i 10 minutt i forvarma steikeomn. Etter 10 minutt i min omn ser horna framleis nokså lyse ut. Men dei er ferdig gjennomsteikte, så det er betre å ta dei lyse og mjuke, enn å venta på at dei blir gylne og harde…

DSC_0280_R_lite

For å skilja pizzahorna frå ost- og skinkehorna dryssa eg litt oregano på toppen av ost- og skinkehorna.

Kjekt å ha!