Tips
Alle innleggBrødkorg/blomsterpose og teposekorg
Denne saken her er nokså genial. Kan brukast som brødkorg, «potteskjuler-potteskjuler», oppbevaringspose, eller teposehaldar med litt andre mål. UnePune står for oppskrifta på den runde varianten. Resultatet blir fint, og prosjektet er ikkje så vanskeleg for oss som er litt i nybegynnerfasen heller :) Teposekorga er litt meir vrien i og med at ho er firkanta. Men av og til må det gå fint med ein kant på skrå også! Skal ikkje ta på meg æra for å finna på måla til teposehaldaren heller, men eg finn rett og slett ikkje igjen bloggen eg fann dei på.