Tips
Alle innleggSjokoladecupcakes med bringebærkrem
Igjen ei oppskrift frå Det søte liv! Nydelege sjokoladecupcakes med frisk smørkrem med smak av bringebær. Oppskrifta gir 12 store cupcakes, eller ca 24 små.
Cupcakes:
– 125 g romtemperert smør
– 175 g sukker
– 2 egg
– 2 ss kakao
– 1, 5 dl mjølk
– 250 g kveitemjøl
– 2 ts bakepulver
– 50 g kokesjokolade
Rør sukker og smør kvitt. Ha i egga – eitt og eitt. Pisk inn kakao. Sikt kveitemjøl og bakepulver og ha i vekselvis med mjølka. Hakk kokesjokoladen og rør i. Fyll muffinsformer 2/3 fulle. Lurt å bruka muffinsbrett slik at fasongen held seg. Steik ved 175 grader i 15-20 minutt avhengig av ovn og størrelse på formene. Avkjøl i brettet, muffinsformene har lett for å løsna dersom dei vert flytta medan dei er varme.
Smørkrem med bringebærsmak:
– 2 dl bringebær, både friske og frosne kan brukast.
– 2 ss sukker
– 0,5 ss sitronsaft
– 125 g smør
– 125 g melis
– 1 ts vaniljeessens
Først bringebærsausen til kremen: Varm opp bringebæra med sukkeret og sitronsafta i ei lita gryte. Mos bæra godt. Sil blandinga godt gjennom ei vanleg sil. Mål opp 50 gr av bringebærsausen og set det kaldt.
Pisk romtemperert (viktig) smør med melis, vaniljeessens og den kalde bringebærsausen. Bruk gjerne ei kakesprøyte til å sprøyte fint på toppen.
Denne smørkremoppskrifta gir ikkje veldig store mengder krem. Men det blir fort litt mektig med mykje krem på kakene, så eg syns mengda passar godt også om ein vel å laga 24 små cupcakes. Men det er vel smak og behag :)
Det går fint an å frysa desse med krem på.