Her er Konfektkake med krem og bær frå eit anna innlegg. Eg oppdaga oppskrifta i påske, og har alt laga kaka fem gonger! – Og oppskrifta er delt med mange. Ein suksess med andre ord!

DSC_0065

Den første gongen eg laga konfektkaka pynta eg med vanleg piska kremfløyte og bær. Dei siste gongene har eg brukt 2.5 dl piska kremfløyte blanda med to-tre spiseskeier vaniljekrem. Denne varianten var mykje betre, og gjer kaka litt meir haldbar i kjøleskåpet.

Kaka passar i alle høve, – frå barnebursdag til bryllaup, eller kanskje er det årets 17.mai-kake?

Ingrediensar:

– 4 egg

– 200 g sukker

– 200 g kokesjokolade (brukte Dronningsjokolade, men trur kanskje eg går for ein endå mørkare variant neste gong)

– 200 g smør

– 200 g kveitemjøl

– 2 ts bakepulver

Slik gjer du:

Smelt smøret forsiktig i ei lita gryte. Ta det smelta smøret av plata. Brekk opp sjokoladen og ha i. La det stå til sjokoladen er smelta, og rør så rundt til det blir ei jamn blanding. Avkjøl blandinga noko, til ho er omlag fingervarm. Pisk stiv eggedosis av egga og sukkeret. Ha i den avkjølte sjokoladeblandinga. Sikt i det tørre og bland alt.

Ha deigen i ei rundt form (26 cm) med bakepapir i botn. Steik ved 225 grader i 12 minutt. Og bare 12 minutt. Denne kaka er god fordi ho ikkje er gjennomsteikt. Avkjøl kaka i forma i kjøleskapet over natta. Kaka går fint an å frysa.

Bruk ein skarp kniv til å løysa kaka frå forma. Dra av bakepapir og plasser kaka på eit fat.

DSC_0071