DSC_0011

Eg er stadig innom detsoteliv.no for å finna oppskrifter og inspirasjon. Her er det mykje godt! For eit par dagar sidan laga eg ei konfektkake eg fann der. «Konfektkake med sjokoladekrem» heitte ho. Det er sikkert veldig godt med sjokoladekrem på kaka, men krem og bær frista meir. Så då vart det slik! Og det vart GODT! Kakebotnen er fantastisk! Nydeleg sjokoladesmak og fuktig i konsistensen. Deilig…

DSC_0033

Eg er så heldig at eg har tilgang på «heimelaga» egg! Er ingen matekspert, men egg frå frittgåande høns (altså utegåande høns) er litt betre enn andre egg. Uansett kva type egg ein bruker er det lurt å romtemperere dei før ein bakar med dei. Egg held seg lenge i romtemperatur, gjerne eit par månadar. Pass bare på å ikkje setja dei i direkte sollys.

DSC_0023

 

Her er altså den fantastiske kakebotnen:

– 4 egg

– 200 g sukker

– 200 g kokesjokolade (brukte Dronningsjokolade, men trur kanskje eg går for ein endå mørkare variant neste gong)

– 200 g smør

– 200 g kveitemjøl

– 2 ts bakepulver

Smelt smøret forsiktig i ei lita gryte. Ta det smelta smøret av plata. Brekk opp sjokoladen og ha i. La det stå til sjokoladen er smelta, og rør så rundt til det blir ei jamn blanding. Avkjøl blandinga. Pisk stiv eggedosis av egga og sukkeret. Ha i den avkjølte sjokoladeblandinga. Sikt i det tørre og bland alt.

Ha deigen i ei rundt form (26 cm) med bakepapir i botn. Steik ved 225 grader i 12 minutt. Og bare 12 minutt. Denne kaka er god fordi ho ikkje er gjennomsteikt. Avkjøl kaka i forma i kjøleskapet over natta. Kaka går fint an å frysa.

Bruk ein skarp kniv til å løsne kaka frå forma. Dra av bakepapir og plasser kaka på eit fat.

DSC_0002

På toppen: Ein pakke kremfløyte piska med litt sukker i, og ein dæsj med jordbær og blåbær. Eller sjå eit nyare innlegg om Årets 17.mai-kake der det er litt vaniljekrem i kremen. (Anbefaler det :) )

DSC_0009