Det er snart jul, og her er ei kjempeenkel oppskrift på ei super heimelaga julegåve – eller litt knask til deg sjølv!

sjokolade3

Du treng sjokolade, og noko til å ha oppå sjokoladen. Det blir best resultat om du legg litt pengar i sjokoladen – Freia kokesjokolade og Freia kvit sjokolade fungerer fint. Ikkje gå for dei aller billigaste sjokoladane. Oppå sjokoladen har eg brukt tranebær, pekannøtter og pistasjnøtter. Men er finst mange moglegheiter! Og det er lov å vera kerativ :) Du kan bruka valnøtter, hasselnøtter, mandlar og andre typar nøtter, rosiner og andre typar tørka frukt, krydder som til dømes kanel, kakestrøssel i ulike fargar og former.

sjokolade

Sjokoladen skal smeltast i vannbad. Smelt 100-200 gram om gangen. Varm opp vatn i ei gryte. Knekk opp sjokoladen i ei mindre gryte eller i ei skål som skal «bade» oppi vatnet. Det er veldig viktig å ikkje få vanndropar eller vanndamp oppi sjokoladen. Ha sjokoladen i vannbadet til det meste er smelta, ta han så ut. Sjokoladen må ikkje bli for varm.

Hell den smelta sjokoladen over i ei bakepapirkledd langpanne. Dryss over det du vil av pynt og smak, dytt det gjerne litt nedi sjokoladen om behov.

Sett sjokoladen litt svalt til han er stivna, og knekk så opp i passe store bitar. Oppbevar svalt, men ikkje kaldt. I og med at dette er smelting av sjokolade utan skikkeleg temperering (at ein følgjer godt med på temperaturen for å behalde blank overflate på sjokoladen), vil sjokoladen gjerne bli litt kvit på undersida. Men det har sin sjarm – heimelaga er stas uansett! :)

Lykke til!