Peppernøtter er nydelege små julekaker som er kjempekjekke å gi bort i gåve! Heimelaga julegåver er kjekt, og av denne store deigen blir det maaange gåver ;)

img_2541

Du treng:

Slik gjer du:

Begynn med mandlane: Mandlane skal vera skolda, og det gjer eg ved å koka dei i litt vatn i 1-2 minutt. Vatnet må dekka mandlane godt og vel. Hell så vatnet av mandlane, og skvis den kvite kjernen ut av skalet. Skalet av mandlane kan du kasta, det er dei kvite kjernane som skal brukast. La dei tørka litt, og finhakk mandlane.

Smelt smøret i ei stor gryte. Rør inn sukkeret. Rør så i fløyte, sirup, sitronsaft og sitronskal, mandlar og roseolje. Du kan godt halda fram med å blanda deigen i gryta, eller ta den over i ein bakebolle. Bland det tørre for seg: Kveitemjøl, kanel og kardemomme, og sikt pottaska godt med tesil. Ha det tørre så oppi smørblandinga. Bland godt!

img_2534

Så skal det trillast og trillast og trillast og trillast. Deigen er stor, så du kan jo vurdera å laga halvparten, eller ein fjerdedel. Eg lagar kulene med ca 1 cm diameter. Det går an å laga dei litt større – det er smak og behag! I og med at deigen er så stor, så er det lurt å ikkje ta all uttrilling i eitt – særleg om ein er åleine. Du kan oppbevara deigen i kjøleskåpet i ein tett boks eller i ei gryte med lok i eit par dagar. Eit tips er også å dela deigen i fleire små stykke og pakka inn i plast før du set i kjøleskåpet. Deigen vert veldig hard, og er litt vanskeleg å få laus frå gryta eller bollen etter kvart som du skal baka.

Omnar varierer litt med tanke på steiketid, men prøv gjerne å steika ved 180 grader i 9 minutt – det passar fint her :)

img_2537

Oppbevar peppernøttene tørt og tett. Og litt vekke frå kjøkkenbenken dersom du vil at dei skal vara til jul ;) Peppernøttene er perfekte smågåver før jul, eller til julegåve. Bruk gjerne små tomme syltetøyglas, babymatglas eller fetaostglas og pynt dei litt, og vips så har du ei kjempekoseleg gåve!

img_2544 img_2543