Dette er snacks! Sjokoladeplettar, konfektkaker om du vil, er sprø kjeks med mjuk sjokolade. Deilige julekaker for einkvar smak! Det er sjokoladebitar i desse, men her kan ein variere t.d. med nøtter om ein ikkje er så glad i sjokolade. Det er ikkje eit problem her, så her vil eg heller laga med meir sjokolade neste gong ;)

DSC_0132_RE

 

Ingrediensar:

– 200 gr romtemperert smør (helst skal 100 av desse gr. vera meierismør, men det fungerer med bare Melange)

– 3 dl sukker

– 2 egg

– 6 dl kveitemjøl

– 1,5 ts bakepulver

– 2 ts vaniljesukker

– 100 gr kokesjokolade (eller litt meir om du vil) veldig fint hakka.

DSC_0131_RE

Slik gjer du: Rør sukker og smør kvitt. Rør inn egga, så resten i den rekkjefølgja ingrediensane står i. Du kan som sagt ha i meir eller mindre sjokolade, eller nøtter. Hakk det uansett heilt smått, kjeksa er fine når dei er små, og då bør bitane vera små.

Når deigen er ferdig er han kanskje litt klissete. Du kan ha oppi noko meir mjøl om egga var store, men det går greitt å jobba med ein klissete deig også. Rull ut kuler som er rundt 1,5 cm i diameter. Legg på steikeplater med bakepapir på.

Steik ved 200 grader i 10 minutt.

Biletet under viser alle kjeksa samla, så så mykje gir ein porsjon deig. (Ja, pluss dei fire som alt var havna i magen då biletet var tatt…)

DSC_0129_RE

DSC_0133_RE