Tips
Alle innleggPepperkaker
Her kjem ei oppskrift på kjempegode pepperkaker, sånn heilt objektivt sett. Ein porsjon deig blei nok til dette pepperkakehuset og eit par brett med vanlege pepperkaker. Oppskrifta er frå Melange sitt julekakehefte, og er kjempegod (og nei, eg er ikkje kjøpt og betalt av Melange sjølv om eg ein gong vann eit eingongskamera fordi at eg sa at smøret smakte godt). Desse pepperkakene blir sprø og gode. Nyt det!
Og når ein pepperkakebaker baker pepperkakekaker tar han….
– 1,5 dl smelta margarin
– 1,5 dl mørk sirup
– 1,5 dl brunt sukker
– 1,5 dl vanlig sukker
– 1,5 dl fløyte
– 3 ts kanel
– 2 ts kardemomme
– 2 ts nellik
– 2 ts ingefær
– 1 ts natron
– 9-10 dl kveitemjøl
Smelt margarinen. Ha sirup, sukker og fløyte i ein passande bolle. Ha i den smelta margarinen og kveitemjølet med natronet og krydderet. Og bare sånn i tilfelle: Det er bare malt krydder det er snakk om. Arbeid med deigen til han blir jamn og glatt. Dekk med folie og la deigen stå i kjøleskåpet til neste dag.
Kjevle deigen ut, bruk gjerne mjøl i utkjevlinga. Kjevle ut til deigen er omlag 3 mm tjukk. Til pepperkakehus kan deigen godt vera litt tjukkare.
Legg kakene på steikeplater som er dekka med bakepapir.
Steik kakene ved 180 grader i 6-8 minutt. Omnar er ulike, så mine brukte nesten 10 minutt. Ta dei ut når det har lukta godt ei stund, eller når dei er litt gylne i kantane. Litt tjukkare pepperkaker treng også litt lengre steiketid.