Desse nydelige peanøttkjeksa er årets nye julekakefavoritt! Bileta vart ikkje så fine, men kjeksa er gode likevel ;)

DSC_0136_RE

 

Ingrediensar:

– 150 gr romtemperert smør

– 3,5 dl sukker

– 2 egg

– 6 dl havregryn

– 4 ss kveitemjøl

– 2 ts kakao

– 2 ts vaniljesukker

– 2 ts bakepulver

– 250 gr peanøtter

– 100 gr kvit sjokolade

Slik gjer du: Forvarm omnen til 180-200 grader. Rør sukker og romtemperert smør kvitt. Rør i egga. Ha så i havregryn, kveitemjøl, vaniljesukker, bakepulver og kakao. Vend i peanøtter og hakka kvit sjokolade.

DSC_0135_RE

DSC_0134_RE

Set kjeksa på bakebrett kledd med bakepapir. Dei smeltar godt utover, så pass på å ha god avstand mellom kjeksa. 16-20 på eit vanleg stort bakebrett bør gå fint. Steik ved 180-200 grader i ca 10 minutt. La dei avkjøla litt på brettet før du har dei over på rist.

Oppbevar i tett boks.

 

image (2)