Tips
Alle innleggCafe Stings sjokoladekake
I følge meg skal det alltid vera ein eller anna form for sjokolade eller kakao i kaker ;) Logisk nok er også sjokoladekaker blant storfavorittane. Cafe Stings sjokoladekake er ei saftig og god sjokoladekake med ein nyydeleg mjuk krem med masse godt i. Eg pleier ikkje leggja så mykje vekt på kaloriar (det er meir dei som legg vekt på meg), men eg vil tru at det kanskje er eit par inni denne, då. Men til fest passar denne kaka veldig godt :) Kremen må lagast dagen før for å avkjølast skikkeleg.
Her er oppskrifta og framgangsmåtane ein miks av detsoteliv.no sin versjon, ei oppskrift eg har fått av ein kollega og litt eigne erfaringar.
– 125 g smør
– 1 dl vann
– 3 ss kakao
– 1 ts vaniljesukker
– 4 egg (eggekvite og eggeplomme for seg)
– 250 g sukker
– 150 g hvetemel
– 3 ts bakepulver
Slik gjer du: Smelt smøret i ei gryte. Ha i vatn, kakao og vaniljesukker. Ta gryta av plata og pisk inn eggeplommene med elektrisk miksar. Ha vidare i sukker, mjøl og bakepulver. Rør deigen glatt. Pisk eggekvitene for seg med elektrisk miksar, viktig at det ikkje er noko eggeplomme i blandinga. Pisk til eggekvitene blir til skum. Ha skummet i resten av røra, og vend inn.
Ha deigen i rund form (24-26 cm diameter) med bakepapir i botn. Steik kaka på nedste rille ved 175 grader, i omlag 45 minutt (steiketida vil variera frå omn til omn, prøv deg fram). Avkjøl kaka i forma. Ta ho ut og fjern bakepapiret. Kaka skal delast i to før ho blir fylt. Det går veldig fint å frysa botnen, og han vil vera enklare å dela når han er kald og nesten opptint.
Sjokoladekrem:
– 4 eggeplommer
– 2 dl fløyte
– 230-270 gr sukker
– 250 gr meierismør
– 100 gr dronningsjokolade
– 2 ts vaniljesukker
Bland eggeplommer, fløyte og sukker i ei gryte. Gi det eit lite oppkok. Ha smør, sjokolade og vaniljesukker i gryta, smelt mens du rører. Set kremen kaldt over natta. Pisk med elektrisk miksar før du fyller og pynter kaka. (Nok krem til å fylle eit lag inni kaka og utenpå.) Har du dårleg tid er det OK med rask nedkjøling i frysen i 6-8 timar. Rør godt innimellom i så fall.
Pynt gjerne med bær for å tilføra noko litt lettare og friskare til ei litt mektig kake.
Kakebotnen går fint an å frysa, vil tru kremen også toler det veldig godt. Kaka er mjuk og saftig i kjøleskåpet i mange dagar, nærmare ei veke.