Tips
Alle innleggLitt sunne sjokoladekjeks
I dag feirar eg det svenske prinsessebryllaupet med sjokoladekjeks! Kjeksa er kjempegode! – Saftige, smakfulle, med mykje godt i. Dei er litt sunnare enn mange andre kjeks, og ein kan tilpassa oppskrifta litt sjølv. Utgangspunktet er denne oppskrifta. Nedanfor er måla eg brukte, så kan du justera mengda av sjokolade, nøtter, rosiner og til ein viss grad havregryn og sukker. Med 2 dl sukker er kjeksa passe søte etter min smak, men vil tru at 1.5 dl sukker går heilt fint om du ynskjer å redusera litt der. Oppskrifta gir omlag 40 kjeks.
Ingrediensar:
– 3 dl kveitemjøl
– 3 dl lettkokte havregryn
– 2 dl sukker
– 1 dl nøytral olje
– 2 dl vatn
– 1 ts bakepulver
– 1 ts vaniljesukker
– 1 ss kakaopulver (eller 3-4 ss om du vil ha sterkare sjokoladesmak)
– 100 gram hakka sjokolade, gjerne med 70 % kakaoinnhald
– 1 dl rosiner
– 1 dl hakka hasselnøtter
Slik gjer du:
Bland alt det tørre for seg, og ha så i olje og vatn. Set toppar av røra på bakepapirkledd plate. Massen renn utover, så set kjeksa med litt avstand. Ei spiseskei per kjeks er fin storleik.
Steik kjeksa i 15 minutt på 190 grader.