Her er ei oppskrift på ca 1 liter rabarbrasuppe. Frisk og god smak av vår!

DSC_0012_lite

– 200 gram rabarbra, renska og kutta i små bitar (ca 1 cm tjukke skiver)

– 6 dl vatn

– 0.5 dl sukker

– 0.5 ss potetmjøl i jamning med ein skvett vatn (eller litt meir potetmjøl for litt tjukkare suppe)

DSC_0002_lite

Kok opp vatnet. Ha i rabarbraen og kok han mør, det tar eit par minutt. Ha i sukkeret, smak gjerne om det vert passe surt/søtt. Rabarbra varierer noko i smaken, så du kan måtta regulera sukkermengda. Rør ei god halvfull spiseskei potetmjøl ut i litt vatn. Ta gryta av plata og tilset potetmjøljamninga. Gi alt eit raskt oppkok. Set så gryta tilsides og la suppa verta lunka eller kald – alt etter smak. Server gjerne med litt vaniljeis!

DSC_0010_lite DSC_0007_lite