Tips
Alle innleggHøg sjokoladekake
Villaperlesukker har mange gode oppskrifter og fine kaker! Denne oppskrifta på høg sjokoladekake har eg funne der. Kaka blir høg, så ho bør steikast i to former elles er ho vanskeleg å få gjennomsteikt. Sjølve røra er kjempeenkel, det einaste som kan gå skeis her er i grunnen steikinga. Kakebotn er kjempesaftig og mjuk, og deilig på smak. Eggedosiskremen er nyyydelig, men ein smule mektig, så det kan vera greit å fylla med t.d. vaniljekrem inni for å letta litt.
Ingrediensar:
– 5 dl sukker
– 200 g smør
– 3 dl mjølk
– 5 dl kveitemjøl
– 2 ss vaniljesukker
– 3 ss kakao
– 4 ts bakepulver
Slik gjer du: Pisk egg og sukker i minimum 15 minutt. Smelt smøret og ha i mjølka. Sikt alt det tørre og ha det i eggedosisen. Ha i smørblandinga og miks i nokre minutt.
Ha bakepapir i to former på 24-26 cm, og fordel likt med røre i begge to. Eg steikte ein kakebotn om gongen. Steik ved 180 grader i 30-40 minutt. Avkjøl botnane i formene.
Eggedosiskrem: Nok til eitt lag inni kaka i tillegg til utanpå. Du kan gjerne laga større porsjon om du vil ha fleire lag med sjokoladekrem. Eg har eitt lag med sjokoladekrem i midten, og to lag med vaniljekrem.
– 3 egg
– 150 gram melis
– 300 gram mørk sjokolade (helst minimum 70 prosent kakao)
– 150 gram smør
Slik gjer du: Smelt smør i ei gryte. La gryta stå på den varme plata, men skru av varmen. Ha sjokoladen i og la han smelta, rør så godt til blandinga blir glatt. Pisk egg og melis til eggedosis. Ha sjokoladeblandinga i eggedosisen, og rør godt. Avkjøl. (Kremen stivnar etter kvart i kjøleskap, så følg godt med og rør innimellom om du vil ha han kald fort.)
Del kvar botn opp, f. eks i to lag. Då har du totalt fire lag. Kakebotnen er veldig saftig og treng ikkje dynkast. Legg vaniljekrem i det nedste laget, eggedosiskrem i det midterste, og vaniljekrem i det øvste. Dekk kaka med eggedosiskrem. Pynt med det du vil, f. eks. bær.