Bløtkake/blautkake/kremkake/fløytekake – kjært barn har mange namn. Eg er ikkje sånn kjempeglad i bløtkaker, men om det er vaniljekrem, syltetøy og bær i kaka, så er saken ein annan! DET er godt! I dette tilfellet har eg juksa litt og kjøpt eit sukkerbrød. Det er lov, det, i travle tider! Men trykkjer du HER så finn du ei god oppskrift på sukkerbrød.

DSC_0158_RE

For denne bløtkaka treng du:

– Eit sukkerbrød

– Dynk (mjølk, saft, brus, juice – etter smak)

– Ein pakke vaniljekrem (gjerne Piano vaniljekrem)

– Ca 7 dl fløyte -etter smak

– 1,5 dl syltetøy (gjerne bringebær eller jordbær)

– Bær til å ha inni og oppå kaka (bringebær, blåbær, jordbær, bjørnebær, physialis, moreller – ta det du har eller vil ha!)

 DSC_0164_RE

Slik gjer du:

Visp ein del av kremen og bland med vaniljekremen. Spar igjen den kremen du treng for å dekka overflata (smak og behag kor mykje du treng her, men det bør i alle fall vera 3 dl).

Del kaka tre lag (eller to). Dynk kvart lag etterkvart som du legg dei på. Dynken gjer at botnen vert saftigare, og er ekstra viktig om du skal eta kaka med ein gong. Drypp til dømes mjølk over kakebotnen med ei teskei. Legg over eit lag med blanding av krem og vaniljekrem. Del opp nokre jordbær eller bringebær og legg oppå kremen. Legg på nytt lag og gjenta alt. Legg på siste kakebotn, dynk og dekk med piska kremfløyte. Pynt med bær. Kremfløyten er best same dag som han er piska.

DSC_0165_RE