Tips
Alle innleggEnkel og god eplekake
No set hausten inn for fullt, og då er det kjempegodt med eplekake! Her er oppskrift på ei enkel langpannekake som er nydeleg på smak, saftig og god. Egentlig er oppskrifta på langpannekake halvparten så stor som den eg oppgir her, men den syns eg blir litt tynn. Men ein halv porsjon er fin til rund kake!
Ingrediensar
– 400 g sukker
– 400 g romtemperert smør
– 6 egg
– 3 ts bakepulver
– 400 g kveitemjøl
– 1 pk Piano vaniljekrem
– 6 eple
– kanel
– sukker
– nøtter om du vil
Slik gjer du det:
Bland saman sukker og romtemperert smør, og rør til det blir kvitt. Ha i egga, bland godt. Bland så i bakepulveret, og kveitemjølet. Ha halvparten av røra i ei langpanne med bakepapir i. Legg ut eit lag med vaniljekrem (bruk heile pakken), og ha så resten av røra oppå det. Skrell eple og del i båtar. Fordel dei utover kaka, og strø sukker og kanel på. (Du kan evt ta eplebåtane saman med kanel og sukker i ein pose og rista godt, og så ha på kaka. Då blir ikkje heile kaka så brun.)
Kaka kan du steika på ca 180 grader i 40-50 minutt (vil variere frå ovn til ovn, sjekk med ei kakenål eller ein strikkepinne.) Ta kaka ut og avkjøl i forma, og skjer bitane opp medan kaka fortsatt er i forma.