Kjempegod kake som kan brukast til alt, og som toler både ein og to turar i frysen. Praktisk!

DSC_0007_RE

Kakebotn:

– 225 g mandlar

– 185 g sukker

– 6 eggekviter

Slik gjer du: Mal mandlane. Stivpisk eggekvitene saman med sukkeret. Vend mandlane inn i eggedosisen. Steik ved 200 grader i 30 minutt.

 

Gul krem:

– 1,5 dl kremfløyte

– 150 g sukker

– 6 eggeplommer

– 1 ts vaniljesukker

– 150 g smelta smør

Slik gjer du: Bland fløyte, sukker, eggeplommer og vaniljesukker i ei gryte. Kok det opp under omrøring på svak/middels varme. Kremen set seg fort fast i botnen, så det er viktig å røra, spesielt når det vert varmt. Når kremen tjuknar til kan du røra inn smøret. Set kremen til avkjøling før du har han på kaka.

DSC_0001_RE DSC_0002_RE DSC_0007_RE DSC_0008_RE