Eg har endelig funne ei oppskrift på sukkerbrød som fungerer for meg! Etter at det hadde vore ein tur i frysen var det veldig saftig også. Oppskrifta er frå Den store kakeboka av Sverre Sætre. Kan jo bare bruka høvet til å skryta litt av den boka med det same :) Veldig god og grundig oppskriftsbok på mange ulike typar kaker, samt mange baketips undervegs. Perfekt julegåve til den som liker å bake!

DSC_0137_RE

Sukkerbrød:

– 4 egg, romtempererte

– 100 g sukker

– 75 g kveitemjøl

Slik gjer du: Forvarm steikeomnen til 180 grader. Pisk eggedosis av egg og sukker. Egga bør vera romtempererte. Om du har gløymt å ta dei ut av kjøleskåpet, kan du legga dei i litt varmt vatn (frå springen, ikkje koke-varmt) i nokre minutt. Pisk gjerne i 20 minutt for å få det godt og luftig, bruk miksar eller kjøkkenmaskin. Start med roleg miksing, og gå opp i styrke etter kvart. Sikt i mjølet. Vend det veldig forsiktig inn i eggedosisen slik at lufta ikkje går ut av røra. Bruk slikkepott til dette.

Ha røra i kakering, 24 ca (på biletet har eg brukt 26 cm). Bruk bakepapir om du vil ha noko i kakeforma, ikkje smør eller formfett på sukkerbrød. Steik botnen midt i omnen i 35 minutt til kaka er gyllen. For å unngå at kaka synk saman på midten etter steiking, plar eg la ho stå litt i den varme omnen med døra på gløtt. Slik bevarer kaka høgda enklare. Ta kaka ut av omnen etter kvart, men la ho avkjølast i ringen.

Sukkerbrød er fine å frysa, og mi erfaring er at desse blir endå meir saftige etterpå.

Tips: Dersom du vil ha ein lettare sjokoladekakebotn, så er sukkerbrød med kakao i veldig greit. Ha bare i eit par-tre spiseskeier sikta kakao oppi saman med mjølet.

DSC_0138_RE