Ein gong trudde eg at Kiwi hadde ekstremtilbod på frosne blåbær, – bare 5 kroner for 200 gram! Så hamstra eg. Og så brukte eg ein av posane i ein pai, og så blei resten liggande i frysen (heldigvis held dei seg lenge der!). Og så oppdaga eg at frosne blåbær alltid kostar 5 kroner på Kiwi. Jaja. Men då har eg prøvd litt forskjellige oppskrifter på kaker med blåbær i, eller bærkaker generelt med bare blåbær i. Mange av desse oppskriftene er veldig enkle og raske å laga, slik er også denne. Rør saman røra medan du lagar middag, og vips så har du nysteikt langpannekake til dessert!

Kaka blir litt sprø i kantane, held seg godt i tett boks i fleire dagar, er enkel å laga, smakar kake og bær på ein gong. Namnam!

DSC_0043_RE

Denne oppskrifta har eg funne på nettsida alleoppskrifter.no under overskrifta «Marits blåbærkake».

Ingrediensar:

– 200 g smør

– 5 dl sukker

– 4 egg

– 6 dl kveitemjøl

– 1,5 ts vaniljesukker

– 150-200 gram frosne blåbær (eller andre bær)

DSC_0041_RE

Slik gjer du: Start med å smelta smøret i ei gryte. Rør inn dei andre ingrediensane, utanom bær. (Og ja, det stemmer at det ikkje skal vera hevemiddel i.) Ha røra i ei langpanne med bakepapir i. Dryss dei frosne blåbæra over. Steik ved 200 grader. Steiketida vil variera frå omn til omn, omlag 25-30 minutt er som regel passelig. Avkjøl litt i forma før du deler i stykker og legg i tett boks (eller et opp med ein gong).

DSC_0053_RE DSC_0051_RE