Påskepynt og påskesymbol
Nå nærmar det seg påske med stormskritt! Eg har tatt fram litt påskepynt allerede, så får eg sjå litt på det før vi reiser vekk i påsken ;) Det finst sikkert mange ulike tolkingar av påskesymbola, men her er i alle fall eit lite utval:
Påskekyllingar symboliserer nytt liv. Dei kan også vera symbol på Jesu oppstode. Kyllingen bryt seg ut av skalet, og det symboliserer at Jesus stod opp att og gjekk ut av grava. Kyllingane symboliserer også oss menneske: Små og hjelpelause, heilt avhengige av hjelp.
Påskeegg symboliserer liv, inni egget er spiren til eit nytt liv.
Lys er generelt viktige symbol i vår vestlege kristne kultur. Jesus sa «Eg er lyset for verda», og når vi tenner lys kan vi hugsa på det.
Gulfargen er sola sin farge, symbol på det som gir liv.
Gåsungane frå seljetreet er den norske varianten av palmane som folket brukte då Jesus rei inn i Jerusalem på palmesøndag. Folket brukte palmer for å hylla Jesus. I mangel på palmer har ein tradisjonelt brukt seljekvistar i Noreg, eitt av dei aller første trea som kjem med livsteikn etter vinteren.
Englar er kanskje meir typisk julepynt. I jula tenkjer vi kanskje mest på dei englane som kom til gjetarane med beskjed om at Jesus var fødd. Men det kom eit viktig englebod i påsken også: Då Maria Magdalena kom til grava på den tredje dagen, var det ein engel ho møtte. Han sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!» (Matt 28, 5-6).
Påskeliljer symboliserer død og gjenoppstandelse.
«Forfengelege høner» symboliserer kanskje ikkje så veldig mykje, men dei er nå søte ;)
Og her har vi to kyllingar som helst ville vore ute i hagen og jobba.
GOD PÅSKE!