Ja til humler og nei til brunsneglar!

Nå er vel snaaart denne sommarsesongen over, men neste vår har vi ny hage (=nytt hus) og dermed litt å henga fingrane i. Det er litt tidlig å begynna å gjera noko med hagen før huset i det heile tatt er overtatt, men det går an å tenka litt ;) Eg har mange tankar og ønske for hagen, men to hovudprinsipp skal liggja til grunn for dei aller fleste planteval: plantene må ikkje bli oppetne av brunsneglar, men dei må vera gode for humlene. Mange hagebloggar har gode tips til humlevenlege planter, til dømes har Moseplassen.com mange gode tips. Mange andre hagebloggar har gode tips til kva planter sneglane helst ikkje et. MEN eg har ikkje funne ei god oversikt over planter som er både gode for humlene og upopulære blant sneglane endå. Derfor har eg gjort det eg kan: Googla og laga skjema, og så laga ei alfabetisk liste over nettopp slike planter. Moseplassen.no er kjelda for dei aller fleste opplysningane om humlefavorittar, i forhold til sneglar er det diverse bloggar og forum og eigne erfaringar som er kjelder.

Men eit par ting først – når det gjeld sneglar: Sjølv om plantene på lista under i prinsippet er forholdsvis sneglefrie i dei fleste hagar, kan ein ha ulike erfaringar med ein del av plantene. Ein hage skal helst innehalde minst mogleg «sneglemat», men i slike «sneglefrie» hagar vil gjerne brunsneglane leggja om kosthaldet, og begynna å eta planter som dei i utgangspunktet ikkje likte. Ein bør difor vera snare med å plukka vekk sneglar sjølv om ein har planter som sneglane ikkje eigentleg et. Så er det også slik at brunsneglane først et planter som er litt slappe og ustelte. Sørg difor for å vatna godt og gi plantene den næringa dei treng, slik at dei alltid er sterke og kraftige og på den måten ikkje vil vera eit lett bytte for sneglane.

Og kvifor tenkja på humla? Det blir færre og færre humler i Noreg, – og verda elles. Utan humler vil mange, mange typar frukttre og planter slutta å gi avlingar pga manglande pollinering. Humla er rett og slett viktig for matgrunnlaget vårt. Men vi kan hjelpa humla litt på vegen, mellom anna ved å kutta giftige sprøytemiddel og ved å planta planter som er humlevenlege.

Her følgjer lista med planter som skal vera humlevenlege og upopulære blant sneglane. Eg har altså stått for googlinga og opplistinga, dei aller fleste erfaringane som denne lista byggjer på er ikkje mine. Det er slett ikkje alle plantene eg veit korleis ser ut ein gong ;) Og som sagt, ca ingen planter kan garanterast totalt sneglefrie i alle tilfelle. Men om dei får godt stell, så bør dei fleste klara seg godt i dei fleste hagar!

Planter som humler liker og sneglar ikkje er så glade i: 

Akeleie

Akssøyleblomst

Anemoner

Arendsspir

Asters

Bakkeryllik

Blodrips

Blomkarse

Buskmure

Erteblomst

Fjellflokk

Forglemmegei

Fuksia

Gullgyvel

Gullris

Gyldenlakk

Hagepute

Isop

Julerose

Kattemynte

Kattost

Kjempeverbena

Klematis

Kongslys

Kuletistel

Lammeøre

Lavendel

Lerkespore

Liljekonvall

Lobelia

Lungeurt

Løvemunn

Makedoniarødknapp

Nellik

Oktoberbergknapp

Oregano

Pelargonium

Peon

Praktgyvel

Purpursolhatt

Pyntekorg

Salvie

Sildre

Skogskjegg

Storhjelm

Storkenebb

Storkonvall

Strandkattehale

Syrin

Revebjølle

Ridderspore

Ringblomst

Rododendron

Roser

Rosestorknebb

Valmuer

Vårlyng

Vårvortemelk

 

#brunsnegler #humler #humlevennlig #lahumlasuse #snegler #hage #hagetips #hageliv #sneglemat #snegletips #humletips

Legg igjen ein kommentar