Fin dag
Fine dagar er det mange av i livet mitt. Men ekstra fint er det dei dagane eg har tid til det vesle ekstra.
– Tid til å stryka dukar som har lege i skuffen alt for lenge…
… og litt ekstra tid så eg kan stryka kjøkkenhandkla samtidig.
– Tid til å støvsuga litt og til å henga fillerya til lufting ein heil dag.
– Tid til å lesa i Bibelen.
– Tid til å sitja på verandaen og sjå på at plantene veks.
– Tid til å nyta finveret…
– Tid til å studera den fine prinsen her som var avleggar i fjor. No kjem han med første knopp!