Ein hyllest til nynorsken!

I dag er ein stor dag! I dag er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Ivar trødde sine barnesko på Åsen-garden (biletet) i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda. Verdas navle var det ikkje akkurat, og når han ikkje ein gong likte å arbeida på garden, var det kanskje ikkje så rart at han heller ville lesa.

CIMG3548_RE

Og så var han interessert i blomar. Han studerte og systematiserte, nøyen var han. Til slutt stod det mellom botanikken og språkvitskapen. Og vi veit kva det vart: mellom alle dei sterke stemmene i språkdebatten på 1800-talet var Ivar den einaste som brydde seg lite om å snakka, og meir om å arbeida. Takk for at du gav oss nynorsken, Ivar Aasen!

CIMG3555_RE

Det var eit enormt arbeid Ivar Aasen la ned for å laga eit skriftspråk med dialektane som grunnlag. Han var innom halvparten av dagens kommunar, heilt nord til Tromsø reiste han. Systematikaren Aasen samanlikna ord og bøyingsformer, og til slutt avgjorde han kva ordformer som skulle vera malen i det nye språket. Idealet var å finna tilbake til dei mest norske formene, men det hjalp lite om ikkje desse orda var i bruk nokon stad. Språket skulle vera eit bruksspråk, lett tilgjengeleg for folket, eit mål for landet, for landsens menn og kvinner. Dirfor kunne det berre bestå av ordformer som alt var i bruk. 

CIMG3566_RE

 Biletet over syner Aasen sitt «kontor». Dei siste nærmare 50 åra av livet hans budde han i Oslo. Då han døydde i 1896 vart tinga sendt tilbake til familien på Sunnmøre. Etter kvart vart eit lite museum opna. Men ein stor mann burde hatt eit stort tun til minne om han, og i år 2000 kom ein storbygning til Aasen-tunet. Vel verd eit besøk, supert for skuleklassar!

CIMG3543_RE2

CIMG4094_RE

På Aasen-tunet finn ein mange av Aasen sine eigedelar og verk. Over her ser vi Norske Ordsprog (første utgåve 1856), Prøver af Landsmaalet i Norge (første utgåve 1853) og Symra (første utgåve 1863). Med litt kjapp hovudrekning ser vi at Symra har 150-årsjubileum i år, og Prøver af Landsmaalet i Norge er 160 år. Mange ting å feira i år, altså :)

CIMG4093_RE

Visst du lurer på om Aasen alltid har sett like gammal ut, så er det fordi det ikkje eksisterer bilete av den unge Ivar Aasen. Og av den eldre Ivar Aasen er det heller ikkje mange.

CIMG3564_RE

JAA! Slik er det. Jon Fosse sitt kjende sitat er i heilskap slik: «Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det.»

Heia nynorsken, eg er beinklar for 200 nye år med hjartespråket mitt!