Den raude streken
Eit dikt om ein raud strek. Inspirert av at norskelevane mine har skrivedag om diktanalyse no. Mest inspirert av dikt, og litt inspirert av at det truleg vil verta nokre strekar å setja. (Men dei ER veldig flinke, altså!) Og så kan ein jo tenkja både på raude strekar i rettinga og på andre raude strekar ein møter på i livet når ein les diktet. Punktuma mellom strofene er berre med for å få til strofeinndeling. (Denne teknikken, veit du.)
Den raude streken lyser opp
eit kvitt og svart papir.
Ein feil, ein bom, ein keisam flopp,
I tryggaste revir.
.
Ein strek til ergring og forakt
ein strek i rekninga.
Ein driftfeil på mi eiga vakt
ein bom på strekninga.
.
Alt stoppar opp og alt vert raudt.
Skal vegen enda her?
Den raude streken legg alt daudt
Så må eg venta der.
.
Den raude streken lyser opp
men no skin lyset klårt.
Det tindrar blankt og lett, – og stopp;
Med eitt eg alt forstår!
.
Eg ser min feil, min bom, min flopp,
eg ser at eg har lært
å venta litt og gløtta opp
når bommen kjem heilt nært.
.
For vegen stansar ikkje der
han strekk seg lang og lett
Eg møtte berre krysset der
og valde ikkje rett.
.
-02.05.13