Tips
Alle innleggChewy Chocolate Chip Cookies
Då eg var på venninnetur i London i fjor sommar, var vi fleire gongar innom Pizza Hut for den same desserten: Ei varm, mjuk sjokoladekjeks med vaniljeis og sjokoladesaus på. Hadde tenkt å prøva å baka denne når eg kom heim att, men det gjekk litt i gløymeboksen. Men i dag hadde eg besøk av ei av dei eg reiste saman med, og vi prøvde å laga noko som kunne likna. Vanskeleg å vita akkurat kva oppskrift som var den riktige. Etter litt leiting bestemte vi oss for å prøva Manuela sine Chewy Chocolate Chip Cookies. Trykk her for å finna oppskrifta. Vi fekk ikkje tid til å la dei stå kaldt over natta, så dei sank litt saman. Men nydelege var dei! Server dei gjerne varme og mjuke saman med is, eller vent til dei er kalde og litt meir faste. Nydeleg med eit glas kald mjølk til! Namnam!