Eg har store planar om å bruke takka ein del i sommar! I dag har eg tatt ho fram og brukt ho for første gong, så nå vågar eg ikkje å ta ho vekk igjen ;) Mørlefser var dagens bakverk. Desse har eg aldri laga før, og det er ikkje så stor tradisjon for å laga dei på heimegarden heller, så det var litt nytt for meg. Må visst finna eit triks for å få dei til å bli meir runde, elles var dei gode! Oppskrifta er henta frå den store «Frå bollar til burritos»-kokeboka vi fekk på skulen.

DSC_0118_lite

Ingrediensar: 

– 2 egg

– 2 dl sukker

– 2 dl mjølk

– 1 liter kveitemjøl

– 2 ts hornsalt

– 2 ts bakpulver

– 100 gr mjukt smør, smelta.

 

Slik gjer du det: 

Visp eggedosis av egg og sukker. Rør inn mjølka. Bland saman det tørre: kveitemjøl, hornsalt og bakepulver, og bland dette raskt inn i eggedosisblandinga. Rør til slutt inn det smelta smøret. Deigen vil bli laus og mjuk. Del han i 16 like store emner, og kjevle dei ut til ca 15 cm diameter. Steik på ei tørr steikepanne eller ei takke. Legg lefsene oppå kvarandre på eit brett til avkjøling.

DSC_0114_lite DSC_0119_lite DSC_0125_lite DSC_0117_lite DSC_0121_lite

Denne flotte sukkerskåla kjem frå Kitengela glassblåseri i Kenya, litt utanfor Nairobi. Ta turen dit om du er i nærleiken :)