Kjent og god slager: pavlovamarengs dekka med piska fløyte og/eller vaniljekrem, med friske bær på toppen. Akkurat det å skilje eggekvita frå eggeplomma og det å steike riktig kan jo vera utfordrande nok, men elles er dette ei enkel kake. Denne oppskrifta gir ei litt stor pavlovakake, bruk gjerne måla 2 egg, 1 dl sukker, 1 dl melis, 1 ts potetmjøl og 1/2 ts vaniljesukker om du vil ha ei litt mindre pavlovakake.

 Bryllup (229)_RE

Ingrediensar til botnen: 

– 3 eggekviter

– 1,5 dl sukker

– 1,5 dl melis

– 1,5 ts potetmjøl

– 1 strøken ts vaniljesukker

 

Ingrediensar til krem og pynt: 

– 3 dl kremfløyte

– 1 ts sukker

– jordbær, kiwi, blåbær, bjørnebær, blåbær, banan, eller andre frukter og bær etter smak.

Slik gjer du: Skil egga. Skil eitt og eitt i eigne koppar, får du pittelitt gult i eggekvitene kan du ikkje bruke kvitene. Pisk så eggekvitene godt stive. Når du kan snu blandinga opp ned utan at ho renn ut, så er det ferdig. Tilset sukker og pisk godt. Tilset melis og pisk litt til. Det skal framleis vera ein stiv masse. Rør inn potetmjøl og vaniljesukker..

Ha pavlovamassen på eit bakepapir som ligg på ei langpanne, fordel utover eit lag som er ca 1,5-2 cm tjukt. Det er også mogleg å bruka ei bakepapirkledd kakeform, men bruk ei stor slik at botnen blir passelig. Botnen vil heva ein god del, så det vil bli ein del tjukkare botn enn det ser ut som før han er steikt.

Steik marengsen til han blir mest sprø, men framleis litt seig inni. Oppskrifta mi seier 140 grader i ca 1 time, men eg brukar å steika på denne temperaturen i omlag 1 time og 15 minutt. Steiketida vil altså variera frå omn til omn, følg nøye med og finn ut kva som passar din omn best.

Når marengsen er ferdig steikt: Ta han ut av omnen, avkjøl, og ta bakepapiret forsiktig vekk.

Pisk kremfløyten med 1 ts sukker i. Pynt med frukt og/eller bær på toppen.

Haldbarheit: Sjølve marengsen er haldbar nokre dagar, men så fort han blir pynta med krem, vil han begynne å bli litt blautare. Over natta er alt av sprø kantar borte. Pavlovaen er altså definitivt best same dag som han er pynta.

Bryllup (228)_RE