Nå er det snart jul! Dei siste dagane har eg har eg hatt eit lite marsipanprosjekt på gang. Det er egentlig enkelt å laga marsipan, sjølv om det er litt tidkrevande med ei sånn lita manuell mandelkvern som eg har. Her kjem oppskrift:

DSC_0096_RE

Marsipan:

– 500 gr mandlar

– 500 gr melis

– 2 eggekviter

– ein dråpe sitronsaft

Slik gjer du: Legg mandlane i vatn og gi eit oppkok. Då slepp dei skalet, og du kan lett kneppa det av. Ta av skalet på alle mandlane. Så: For ein god og samarbeidsvillig marsipan må mandlane tørka godt. Det kan gå med å varma dei på 50 grader i omn i ein times tid, har eg lest, men eg brukte den andre metoden: Lufttørking i romtemperatur i eitt døgn. Og så ein halvtime i omn på 40 grader sånn i tilfelle.

DSC_0078_RE

Så var det fram med mandelkverna. Evt ei meir hurtiggåande visst du er heldig og har det. Mal mandlane godt. I ei sånn manuell mandelkvern som eg har, bør ein ta mandlane gjennom to gonger.

Bland saman mandelmassen og melisen. Ha i litt og litt eggekvite og sitronsaft. Bruk ikkje meir enn nødvendig.

DSC_0084_RE

Massen kan verka litt «smuldrete» med det første. Men bare klem godt saman, så kjem han seg etter kvart. Klem saman deigen til ein klump eller tre, og pakk godt inn i plast. Ha i kjøleskapet eit par timar før du jobbar vidare med han.

DSC_0086_RE

Marsipanen held seg i kjøleskåpet i ein månad omlag, sitronsafta er med på å gi haldbarheit. Men marsipanen blir lett tørr utan sjokolade utanpå. Dette er jo faktisk eitt av dei problema her i verda som ein kan løysa med sjokolade, hurra for det!

DSC_0092_RE

Trekk og fyll til marsipankuler:

– Dronningsjokolade (300 gr)

– Evt delfiafett

– Valnøtter

– 100 g nougat

– Kvit sjokolade (30 gr)

Valnøtter og nougat er godt som fyll i marsipankuler. Valnøtter: Hakk valnøtter og kna inn i litt marsipan. Hakk litt ekstra til å ha på toppen etter sjokoladetrekket er lagt på. Nougat: dette får du kjøpt i mange butikkar heile året, men rundt juletider er det fleire som tar det inn. Del nougaten i terningar, jo meir nougat, jo større kuler. Smak og behag. Legg marsipan rundt.

Smelt sjokoladen i vannbad. Kan vera lurt å ta litt om gangen, f. eks. 100 gram om gangen. Ver forsiktig så du ikkje får vatndropar eller damp i sjokoladen, då blir han øydelagt. Ha i litt delfiafett, ca ei teskei per sjokoladeplate. Delfiafettet gjer at sjokoladen blir litt tynnare og legg seg finare på marsipankulene.

Dypp kulene i sjokoladen. Bruk gaffel eller skei. Legg kulene på eit brett med bakepapir på. Set dei i kjøleskåpet til dei er stivna. Om ynskjeleg kan du smelta kvit sjokolade også i vannbad, og laga mønster av denne på toppen av kulene. Det er greiast å gjera det når den mørke sjokoladen er stivna.

Oppbevar i ein tett boks, kjølig.

DSC_0097_RE DSC_0088_RE