Tips
Alle innleggRund sjokoladekake
På mandag fylte Ivar Aasen 200 år, og det måtte sjølvsagt feirast med kake :) Eg laga ei langpannekake som eg brukte til kakebotn, og hadde ein sjokoladekrem inni og ein annan sjokoladekrem på toppen. Nydeleg kake, mjuk og god i både to og tre dagar.
Oppskrift kakebotn:
– 5 dl sukker
– 4 ss kakao
– 1 ss natron
– 150 g smør
– 7,5 dl surmjølk
– 1 liter kveitemjøl
Slik gjer du:
Bland sukker, kakao og natron i ein stor bakebolle. Ha i smelta smør, surmjølk og til slutt kveitemjøl. Rør til deigen blir klumpfri. Ha det i ei stor langpanne med bakepapir, steik midt i omnen ved 175 grader. Oppskrifta seier at steiketida er 25-30 minutt, men min omn brukar nok 30-35. Kjenn etter med ei kakenål eller ein strikkepinne for å finna ut når kaka er klar. Ta ut og avkjøl i forma.
Dersom du også vil lage rund kake: Når kaka er avkjølt legg du ho på ei skjerefjøl. Finn noko du kan bruka som mal til å kutta rundt med (grytelokk, fat eller liknande). Eg har kutta ut ein heil sirkel og ein halvsirkel. På den måten vert kaka ein etasje høgare enn langpannekaka. (Halvsirkelen deler du i to og legg ut slik at han dannar ein etasje.)
Oppskrift på kakefyllet (to lag):
– 400 g melis
– 2 ss kakao
– 2 ts vaniljesukker
– 6 ss ferdig kaffi
– 7-8 ss smelta smør
Slik gjer du:
Bland alle ingrediensane godt saman. Dersom det vert for tjukt, kan du ha oppi meir kaffi eller smør, alt etter smak. Dette er ca nok til å fylle to etasjar i ei kake som er 24-26 cm diameter.
Og så den nydelige sjokoladekremen:
– 200 g smør
– 200 g lys kokesjokolade (denne gongen brukte eg dronningsjokolade, veldig godt det også :) )
– 2 ss sterk, varm kaffi
– 3 ts vaniljesukker
– 400 g melis
– 1 egg
Slik gjer du:
Smelt smøret i kjele, ta det av plata og smelt sjokoladen i smøret. Rør i varm, sterk kaffi, og vaniljesukker. Ha så i melis og rør klumpfritt. Ha i egget og pisk luftig. Avkjøl litt. (Denne porsjonen er passe til ei langpannekake, og kanskje litt rikelig til ei rund kake.)