10 hagetips

Når jula er over byrjar det som regel å klø litt i fingrane etter å begynna med å grava i hagen. Og så blir det eit par månader der hagearbeidet for det meste føregår med googling og listelaging medan temperaturen så smått stig og sola sakte kjem tilbake. I mars pleier eg gå litt amok på eit hagesenter eller to, og så er vi i gang.

DSC_0027_R_lite

 

Nytt av året er at dette er første sesong i eige hus med moglegheiter for ein stor hage på eigen eigedom. Men stort er ikkje alltid enkelt, og i alle fall ikkje nødvendigvis stort frå første året. På eigedomen er det få beine flater, her er eit svært berg og her er skråningar som førebels er såkalla «naturtomt». Fornufta seier meg at det nok vil ta minst 10 år før området rundt huset ser fint ut, medan følelsane stadig vekk seier at det bør ta ein månad eller to. Maks éin sommar. Eg stolar mest på fornufta, men lever nok mest med følelsane ;)

Med stor fare for nokre nedturar hoppar eg likevel ut i årets hagesesong med stor glede. Eg har alt sådd desse klassiske sommarblomane, solsikke, blomkarse, kornblom og tagetes. Så har eg frø til ringblomar, hagepute, tusenfryd og forglemmegei. Gladiolaløkane og liljekonvallane er i jorda. Til kjøkkenhagen har eg starta med grasløk, så får vi sjå om det blir noko meir. Alt dette skal vera sortar som er så enkle at sjølv eg kan klara det ;) Håpar på å dela nokre hageglimt framover, men i dag tenkte eg å starta med 10 hagetips som eg sjølv har erfart at er gode å ha i tankane.

DSC_0030

Mine 10 hagetips: 

1) Tenk enkelt. Det er lurare å gå for få sortar som er enkle og som ein kan konsentrera seg om, enn å satsa høgt og gapa vidt og ikkje få til så mykje. Hagegleda er viktig, og den er størst om ein opplever å få til mesteparten av det ein prøver på. (Det er kjekt å eksperimentera, men det kan ein gjera når ein har fått litt meir erfaring.)

2) Bry deg meir om jorda enn om plantene. Dette tok det si tid før eg forstod. Det kan vera litt kjedeleg å berre grava i jorda når alt ein vil er å få fine blomar, men som du sikkert forstår så har dette ein rimeleg viktig samanheng. Her må ein lesa seg opp på kva kvar einskild plante treng. Men generelle tips som gjeld dei fleste planter er å bruka heilgjødsel (ikkje kunstgjødsel) og å drenera jorda godt.

3) Ta på alvor det som står på frøposane. Ein regel eg stadig bryt sjølv, men stadig forstår at er viktig likevel. Anten det gjeld temperatur, jordforhold eller avstandar, alt er gode råd. Også her finst det nok planter som kan klara litt andre forhold enn det frøposen seier, men det er ikkje verdt å begynna å utforska det så mykje.

4) Krukker: Ei smart oppfinning. Når ein planter ut planter som alt har fått gode røter, kan dei med stor fordel få store og romslege krukker. Hugs å drenera krukkejorda. Legg nokre halvstore steinar i botnen, og gjerne litt singel over der. I jorda kan det godt vera litt sand. Det er varierande kor viktig denne dreneringa er for plantene, men dei fleste trivest best slik, og det er særleg viktig dersom det er tette krukker som til dømes dei fleste av rotting er.

5) Vel planter som vil blomstra frå tidleg vår til sein haust. På våren er det flott med snøklokker, krokus og påskeliljer til dømes, og på hausten finst det eit mykje større utval av gode planter. Sjekk med hagesenteret du handlar på. For det er absolutt lurt å…

6) …Kjøpa plantene på hagesenter. Eller ein planteskule eller liknande. Planter frå Europris, daglegvareforretningar og så vidare kan til tider fungera, men som regel får ein dei sterkaste plantene der ein må betala eit par kroner meir. Urter i daglegvereforretningar er kanskje noko av det ein aller mest bør unngå dersom ein vil ha dei til å vara nokre veker. (Uansett om dei er kjøpt på hagesenter bør urtene ut i «uteluft» og i større potter nokså fort.)

7) Hald vekke det som skadar. Brunsneglar og lus og andre udyr er ikkje velkomne. Det er ikkje ugraset heller. Ved å halda ugraset vekke, held ein også ein del skadedyr vekke. Ved å halda rosebuskane litt nette og setja dei med tilrådd avstand eller meir, er også sjansen for lus mindre. Sneglane er verre. Leit gjennom hagen og ta dei nå om våren medan dei er små og få. Snart vert dei fleire og større, og appetitten deira aukar fort… Ikkje legg daude brunsneglar att i hagen, då vert dei mat til dei andre brunsneglane, og er med på å halda liv i dei. Fjern dei heilt frå hagen. Lag barrikadar av salt, kaffigrut eller sagflis der sneglane ikkje er velkomne. (Men obs: Ikkje salt nærme planter, dei døyr av det.)

8) Finn ut kva for ei klimasone du bur i. Ulike planter trivest i ulike klima. Vel planter som vil trivast i din hage. Her kan du høyra på nærmaste hagesenter, eller sjekka Hageselskapet sitt kart over klimasoner.

9) Planlegg før du gjer innkjøp til hagen. Det er så kjempemykje fint på alle hagesenter i sommarhalvåret, at ein kan fort bli freista til å ta med det som passar auget og lommeboka der og då. Så blir det gjerne fort til at ein gløymer kva ein eigentleg ville ha. Planlegg gjerne at hagen skal innehalda vårblomar, eittårige sommarblomar, fleireårige stauder, buskar til pynt, bærbuskar, ein enkel kjøkkenhage, tre som gir skugge, og tre som gir frukter. Og tenk gjerne over at du ikkje vil kjøpa sneglemat (unngå visse planter), men at du (forhåpentlegvis) ynskjer å gi humlene ein godbit, og gjerne vil ha nokre vakre sommarfuglar i hagen. Det høyrest litt mykje ut å få til alle desse typane i hagen, og for einskilde hagar kan det vera det, men mange har plass til litt av alt dette. Men planlegging er for mange det einaste ein treng for å få det til. 
10) Kos deg! Hagearbeid skal vera kjekt. Visst du ikkje synest det er kjekt, men likevel vil ha ein fin hage, bør du gjera det du kan for å få til ein skikkeleg lettstelt hage som du berre kan nyta. Eit minimum av arbeid vil krevjast av alle flekkar med hage, men om ein kan halda det til eit minimum er det uansett best for dei som heller vil bruka tida på andre ting. Tenk gjerne alternativt. Kan brustein eller asfalt vera eit alternativ til plen? Skråningar kan murast opp og på den måten unngår ein å slå dei. Planter i store krukker er gjerne enklare enn i bed, både med tanke på skadedyr, ugras, lysforhold og liknande. 
Lukke til med haging! Deler til slutt nokre bilete som kanskje kan vera til inspirasjon. 
DSC_0014_lite DSC_0006_lite DSC_0041_RE DSC_0029_RE DSC_0035_RE

Legg igjen ein kommentar