Tips
Alle innleggSjokoladesukkerbrød med sjokolademousse
Det heile og fulle kakenamnet her må vera «Sjokoladesukkerbrød med sjokolademousse med hint av appelsin, og med mørk sjokoladefrosting på toppen, toppa med eit jordbær». Dette er ei kjempegod sjokoladekake, mektig, men frisk i smaken.
Sjokoladesukkerbrød:
– 4 egg, romtempererte
– 100 g sukker
– 75 g kveitemjøl
– 3,5 ss kakao
Slik gjer du: Forvarm steikeomnen til 180 grader. Pisk eggedosis av egg og sukker. Egga bør vera romtempererte. Om du har gløymt å ta dei ut av kjøleskåpet, kan du legga dei i litt varmt vatn (frå springen, ikkje koke-varmt) i nokre minutt. Pisk gjerne i 20 minutt for å få det godt og luftig, bruk miksar eller kjøkkenmaskin. Start med roleg miksing, og gå opp i styrke etter kvart. Sikt i mjølet. Vend det veldig forsiktig inn i eggedosisen slik at lufta ikkje går ut av røra. Bruk slikkepott til dette.
Ha røra i kakering, 24 cm (bruk gjerne bakepapir i forma). Steik botnen midt i omnen i 35 minutt. Ikkje opne omnen før det er gått omlag 35 minutt, då fell kaka saman. For å unngå at kaka synk saman på midten etter steiking, bør ho stå litt i den varme omnen med døra på gløtt. Ta kaka ut av omnen etter kvart, men la ho avkjølast i ringen.
Lag gjerne sukkerbrødet tidleg, og la det frysast før du fyller det. Fordelen med dette er at sukkerbrød er enklare å dela når dei er halvtinte.
Kakebotnen i denne kaka er delt i tre lag. Før du fyller kaka: dynk ho med saft frå ein pressa appelsin for å gjera kaka litt frisk. (Bare klem ut appelsinsafta over kakebotnane.)
Sjokolademousse: Og så har me juksa litt. For i dei to laga inni kaka er det sjokolademousse. Og det er ein pakke av Dr. Oetker sin pulvermousse som er vispa opp med 2.5 dl mjølk. (Freia kan sjølvsagt også brukast, men bruk i så fall litt mindre mjølk enn pakken viser.) Ha i raspa appelsinskall frå 1 appelsin. For å bevara ei rund og rett kake har eg hatt kakeringen rundt kaka under fylling, og latt ho stå kaldt ei stund før eg pynta ho.
Så prøvde eg ein ny sjokoladefrosting på toppen. HER er lenkje til oppskrifta på den. Og her er ho også, med litt andre mål, sidan den opprinnelege oppskrifta gir litt lite krem til denne kaka.
– 120 g smør (romtemperert)
– 200 g sjokolade (gjerne 70%)
– 155 g melis
– 60 g kakao
– 2 ss vaniljeekstrakt (bruker du vaniljeessens: smak til, men det trengs mykje mindre.)
– LITT salt
Slik gjer du: Miks melis og smør i 3-5 minutt med miksar. Smelt sjokoladen i vannbad eller mikro. Avkjøl litt. Bland kakaoen med vatn, ikkje meir enn akkurat det som er nødvendig for å få han til å bli jevn. Ha den smelta sjokoladen i smør- og melisblandinga. Miks saman. Ha i kakaoblandinga. Miks. Ha i vaniljeekstrakt og miks igjen.
Eg syns kanskje sjokoladefrostinga vart litt for søt, så eg hadde pittelitt salt oppi. Ver forsiktig, smak til undervegs. Frostinga bør stå i frysen 5-10 minutt, men ikkje lenger, då stivnar ho til. I så fall må ho varmast opp att i eit vannbad.