Tips
Alle innleggOreokake
Det finst mange oppskrifter på Oreokaker, men her er min favoritt: Freia si Oreokake.
Botn:
– 350 g Oreokjeks
– 100 g smør
Krem:
– 200 g Philadelphia Original
– 2,5 dl melis
– 2 dl kremfløyte
Sjokolademousse:
– 1 pk sjokolademousse
– 2 dl mjølk
– 100 g Oreokjeks
Topping:
– 1,5 dl kremfløyte
– 1 ss sukker
Pynt:
– Oreokjeks
– Jordbær
Slik gjer du:
Begynn med botnen. Smelt smøret. Kjør kjeksen til ein fin masse i kjøkkenmaskin, eller knus så godt som mogleg med eit kjevle. Bland med smøret. Trykk massen ut i ei springform, 24-26 cm. Kaka skal lagast i denne springforma, så ikkje ta ho av før rett før servering.
Kremen lager du slik: Bland saman melis og romtemperert Philadelphia-ost i ein bolle. Visp til massen vert kremete. Pisk fløyten stiv og bland dette saman med Philadelphiamassen. Smør kremen utover kjeksbotnen. Set dette i kjøleskåpet. Vent gjerne litt før du har på neste lag.
Neste lag er altså sjokolademoussen. Denne kan sjølvsagt lagast frå botnen av, men eg tar den lettvinte måten og kjøper pulverposar (Freia eller Dr. Oetker). Uansett kan det vera lurt å blanda i litt mindre mjølk enn det som står på pakken, slik at moussen held seg fastare. Ha gjerne 100 g grovt hakka Oreokjeks i dette laget. Bre moussen over kremen, og set i kjøleskap.
På toppen har du 1.5 dl piska kremfløyte. Denne kan smørast utover dersom sjokolademoussen er stivna, eller han kan sprøytast fint ut med ein sprøytepose. Så pynter du slik du vil, enten med oreokjeks, smelta sjokolade eller bær. Eller alt dette. Ta av springforma rett før servering.
Kaka kan med fordel lagast dagen før servering, så lenge ho får bli oppbevart i kjøleskapet.