Tips
Alle innleggPinnebrød
Når det er vinter og vår er pinnebrød på bål ute favoritten min! Bruker gjerne oppskrifta til Turistforeningen, veldig god og grei! Akkurat no i desse tider er det jo ikkje alle stader det verken er lurt eller lov å brenne bål, så det kan ein jo ha i bakhovudet. I så fall går det an å lage pinnebrød både på grill og i steikeovn.
Oppskrift:
500 g mjøl (bruk gjerne litt grovt mjøl)
2 ts bakepulver
5 ss sukker
1 ts salt
1 dl matolje
ca 2 dl lunka vatn
Bland saman dei tørre ingrediensane, og spe på med vatn og olje til konsistensen vert passeleg. Skal du ha med deg deigen ut er det lurt å leggja han i ein olja plastpose. Ta gjerne med litt sukker og kanel, så kan du laga «kanelbollar» til dessert! Pinnebrødet kan ein eta aleine, men smakar ekstra godt rundt ei pølse. Mi erfaring er også at det er lurt å varme pølsa litt aleine først, og så tvinne rundt deigen. Litt større sjanse for å få ei gjennomvarm pølse då!
God tur med pinnebrød!