DSC_0163_R_lite

Etter ein del utprøving av diverse langpannekakeoppskrifter, spesielt sjokoladekaker, har eg endeleg funne ei kake som er mange hakk betre enn alle andre! Fann kaka på detsoteliv.no, under namnet «Sjoko-digger-det-langpanne», så oppskrifta og framgangsmåten finn du der!

Kakebotnen inneheld surmjølk (eg brukte kefir), og det gjer han ekstra mjuk og saftig. Men kremen er det ALLER beste med kaka. DEN var nydelig! Og oppskrifta gir nok krem til eit godt, tjukt lag med nydeleg sjokoladekrem. Litt kaffi i kremen er også med på å heva smaken.

DSC_0162_R_lite DSC_0165_R_lite

Så nå veit du kva du skal gjera neste gong du skal baka til dugnad, basar, avslutning, bursdag eller andre samlingar? Sjoko-digger-det-langpanne på detsoteliv.no!

Har aldri spandert på meg denne fine kakepynten før, men no har eg altså prøvd. Ikkje bare var dei fine, men dei smaka godt også :) Desse kulene knekk vi ikkje tennene på heller, slik som dei gode, gamle sølvkulene.

DSC_0168_R_lite