Tips
Alle innleggMin selskapskake
I 1990 kom boka Kakegleder frå Meierienes Prøvekjøkken. Denne boka er like gammal som meg sjølv, og vart ein trufast ven på lange gudstenester og i andre samanhengar som fall litt lenge for ein 3-4-åring. Nokre sider reiv eg ut innimellom, og dei fleste sider teikna eg krusedullar på. Men først og fremst så kikka eg over sidene, såg på alle dei gode kakene og den fine pynten. Då eg gifta meg for 3 år sidan fekk eg boka for godt frå mamma og pappa – akkurat den same boka som eg hadde rabla og rive i som liten. Så mi favorittkakebok i dag er altså ei reklamekakebok som eg sjølv har rive i filler og teikna krusedullar og kattar i med blå kulepenn. Og i denne fantastiske og minnerike boka, så har eg fleire favorittoppskrifter. I dag: Min selskapskake. Oppskrifta er no også å finna på nett hjå Tine: http://m.tine.no/oppskrifter/kaker/min-selskapskake?min-selskapskake, men eg vil dele her også for å få med litt av alt det eg lurte på då eg laga denne for første gong. Kaka er ein fantastisk kombinasjon av alt godt: Mandelbotn, trøffelkrem, marsipan og sjokoladelok. Søtt, og nydelig godt! Ein av fordelane med kaka er også at ho held seg kjempelenge i kjølig temperatur, og ho er fin å frysa.
Ingrediensar:
BOTN:
– 250 g melis
– 3 egg
– 250 g mandlar, malte
TRØFFELKREM
– 1 dl melis
– 3/4 dl vatn
– 3 eggeplommer
– 150 g romtemperert smør/margarin
– 3 ss kokesjokolade, riven (eller 1 ss kakaopulver)
MARSIPAN
– 1 pk ferdig utkjevla marsipan eller kjevle ut sjølv. Spar litt marsipan til pynt på toppen.
SJOKOLADETREKK
– 1,5 plate kokesjokolade (eller Dronningsjokolade)
– 20 gr smør
PYNT
– Marsipan
Slik gjer du: Mal mandlane. Visp egga med halvparten av melisen så det blir eggedosis. Bland mandlane med resten av melisen, og rør det forsiktig inn i eggedosisen. Legg bakekpapir i botn av ei 26-28 cm stor kakeform, og smør kantane. Ha røra i forma. Steik botnen ved 175-185 grader. Steiketida varierer frå omn til omn, oppskrifta seier 25 minutt, eg må i alle fall steika i nærmare 35 minutt for å få ho gjennomsteikt. Prøv deg fram. Når kaka er ferdig skal ho avkjølast i forma til ho er fast nok, og så ut på rist og avkjølast vidare der. Set kaka så på eit kakefat.
Så kjem vi til trøffelkremen, og det er her det er lettast å gjera feil. Men triksa for å hindra dei fleste feila er å bruka miksmaster/kjøkkenmaskin og å gjera alt klart før du begynner (ha klart eggeplommer, riktig smørmengde i små klattar, og raspa sjokolade). Kok opp melis og vatn til ein seig masse, det tar ca 8 minutt. Visp eggeplommene godt saman (OK å vispa desse for hand, men er du aleine så er det lurt å vispa med miksar alt her pga neste steg:). Ha den varme melismassen i eggeplommene, hell med ein tynn stråle medan du rører godt heile tida (det er her kjøkkenmaskinen er god å ha). Ha vidare smørklattane oppi blandinga medan du rører godt. Smøret skal altså ikkje vera smelta, det skal bli smelta av den lunka blandinga. Her må ein jobba litt raskt, for også den raspa sjokoladen som du no skal ha oppi, skal smeltast av blandinga som stadig vil bli litt kjøligare. Miks godt med kjøkkenmaskin/miksar. Set den ferdige blandinga i kjøleskapet ei kort stund. Ha ho så over den avkjølte kakebotnen.
Kjevle ut marsipanlok og legg over trøffelkremen på kaka. Skjer til så det blir fint rundt kantane.
Smelt sjokoladen til glasur saman med smøret, bruk svak varme. Fordel glasuren over marsipanloket. Lag marsipanpynt av resten av marsipanen.
Så er kaka altså haldbar i fleire dagar om ho står i kjøleskåp eller kaldt rom, eller du kan frysa ho.
Lykke til :)