Det er haust, og haust betyr førebuingar til julemessa! Inntektene går til bygging av nytt bedehus, og så er det jo eit poeng å samle bygda ein dag før jul og ha det kjekt saman. I fjor hadde mange bidratt med mykje fint, men det blei jammen litt for lite å selga. Så i år lager vi det vi kan klare :) Det kjem kort, pynta sjokoladeesker i ulike variantar, pynta teesker og MYKJE fint som skal heklast og strikkast og syast og bakast og snekrast. Spennande å sjå resultatet! Eg har såvidt komme i gang med mine bidrag, har starta med kort. Det blir litt julekort, men mest bursdagskort og nyfødd-kort.

DSC_0055_RE DSC_0059_RE

Heimelaga = ingenting likt! Det er kanskje ikkje så lett å sjå her, men det går altså ein saum langs kanten på det ytste laget pyntepapir.

DSC_0060_RE DSC_0062_RE DSC_0065_RE

 

Denne teboksen er ikkje til julemessa, den må eg har på kontoret. Men sånn kan det gjerast med teesker i alle fall!