Tips
Alle innleggKanelknutar
Det er mange måtar å knyta deig på, og mange ulike fyll. I dag laga eg ein enkel variant: Knytte kanelbollar. Her er ei steg-for-steg-oppskrift.
Lag ein søt bolledeig. Eg brukar omtrent alltid den same deigen, nemleg denne:
Søt gjærdeig:
– 1 liter h-mjølk
– 200 g margarin
– 2 pk gjær
– 2 egg
– 2.5 dl sukker
– 3-4 ts kardemomme
– 0.5 ts salt
– Kveitemjøl til det vert passe mjuk deig, – går godt og vel 2 kg.
Smelt smøret i ei gryte som rommar minst 1.5 liter. Når smøret har smelta: Ha oppi mjølka. Varm litt opp til blandinga vert lunka, 37 grader, test på handleddet. Ha oppi gjæren og løys han opp. Ta egga oppi blandinga, og rør godt. (TIPS: Om du har god tid kan du godt la denne blandinga stå ein halvtime. Det vil esa ut og bli litt rart, men når gjæren får god tid til å arbeida, er bakverket lettare å tola.). Så pleier eg å ha blandinga over i kjøkkenmaskinen min og starta den. Absolutt fint med kjøkkenmaskin til så stor deig! Ha i sukkeret, kardemommen, saltet og til slutt kveitemjølet. Det går godt og vel 2 kg kveitemjøl, men ha i litt og litt til deigen er passe mjuk.
Hev deigen ca 30 minutt i bollen under plastfolie.
Så kjem knytinga. Eg kom litt seint i gang med å ta bilete, men sånn såg det ut når eg var halvvegs:
Halve innsida er dekka med smør, kanel og sukker, og den andre halvdelen er lagt oppå.
Skjer eller klypp av remser slik, og dra dei litt:
Så tvinner du remsa:
Dra remsa rundt tre fingrar og fest enden. Her er det litt prøving og feiling og trening som må til, så blir det bra!
Etterhev i ein times tid. Pensle med smør før steiking. Steik midt i omnen i forvarma omn ved 240 grader.
Dette er snadder! Nyt knutane til synet av ein koseleg sommarbukett :)