Tips
Alle innleggHeimelaga sjokoladepålegg
Det er veldig godt med litt sjokoladepålegg ein gong i blant! Det er ein viss sjanse for at ein ikkje får eit mykje sunnare sjokoladepålegg om ein lagar det sjølv, men ein veit i alle fall kva ingrediensane er. Grei måte å kontrollera desse e-ane og dei andre tilsetjingsstoffa som kan førekomma. Enkelt er det også, og ei kjempegrei gåve om du skal ha med ei lita helsing ein stad! Oppskrifta ligg på tv2 sine nettsider; her.
– 200 g sjokolade (70 % kakaoinnhald)
– 2 dl fløyte
– 75 g mjukt smør (usalta)
– salt etter smak
Finhakk sjokoladen og ha han i ein bolle. Varm fløyten til kokepunktet, og hell sjokoladen i fløyten. Rør godt saman. Smak til med litt salt (gjerne havsalt). Ha i terningar av mjukt smør og rør til massen er glatt og mjuk. Set i kjøleskåpet over natta i ein tett boks eller eit glas med lokk.