Tips
Alle innleggGrove rundstykke
Enkle og gode, grove rundstykke:
– 50 g margarin
– 6 dl lunka vatn/mjølk
– 1 pk gjær
– 1 ts salt
– 6 dl sammalen kveite, grov
– ca 9 dl kveitemjøl
Del opp gjæren i ein bakebolle. Smelt margarin, ta det til sides og tilset vatn/mjølk. Blandinga skal vera fingervarm, så du må truleg varma litt til. Slå den fingervarme blandinga over i bakebollen og rør ut gjæren. Rør i salt og sammale mjøl. Til slutt har du i kveitemjøl, og eltar til deigen blir smidig og jamn. Når deigen slepp bollen og reiskapen, er han ferdig. Dekk bollen med plast og la deigen stå til heving til dobbel storleik, gjerne ein halvtime.
Finn så fram bakeplater og kle med bakepapir. Trill ut omlag like store, runde rundstykker. Om deigen vart litt klissete, vil eg tilrå å bruka nøytral matolje under trillinga, ikkje meir mjøl. Då slepp ein den tørre mjøl-hinna som er lett å få. Vil du pynta rundstykka litt ekstra? Dypp dei halvvegs i vatn og så i anten havregryn eller solsikkekjernar.
La rundtstykka stå og heva ein ny omgang, gjerne ein times tid. Steik så i forvarma omn ved 240 grader i 8-10 minutt.
Et gjerne rundstykka medan dei ennå er lunka, med smør, kvitost og paprika. Meir avansert treng det ikkje gjerast!