Tips
Alle innleggBryllupskort
På mange av dei mest populære kort-bloggane er det mykje fint å sjå og mykje inspirasjon å henta. Men eg har vel funne ut at eg liker betre ein litt enklare stil enn eg pleier å finna på desse bloggane. Det har nok litt med tolmodighet å gjera, ja. Men eit enkelt, heimelaga kort er uansett mykje kjekkare enn kjøpekort, synest eg!
I dag laga eg eit enkelt kort til eit par som skal gifta seg i sommar. Fant eit par nydelege ark på ein hobbyforretning for nokre veker sidan. Er veldig glad i sterke og klare fargar! Brudeparet og dei andre utklyppa er frå Tilda. Har viska vekk bokstavane til namna her, håper ikkje det øydelegg inntrykket for mykje :-)