Det gøy å laga noko nytt av brukte saker og ting! Blekkboksar er ein av favorittane mine på den måten. Med litt blondar, spraymaling eller papir – eller kanskje ein bor – kan ein laga mykje fint. Til denne blomsterpotta har eg brukt den største typen fruktcoctail-boks. Veldig enkelt: Spraya kvit tre gonger og knytte ei sløyfe på. Greitt når det skal vera enkelt og fort gjort. Og så blir blomsten som står i potta så mykje finare når ikkje potta stel heile merksemda. Men blekkboksar har stort potensiale. Aldri undervurder ein blekkboks!