Haustferie i London!
No er eg heime igjen etter 5 flotte dagar i London! Deilig med haustferie når ein kan kobla av og oppleva nye ting med gode vener! Kort oppsummert: Turistliv langs Themsen med Big Ben, Westminster, Buckingham Palace og Tower of London, handletur på Oxford Street med alt frå billige Primark til dyre Selfridges, ein tur innom Hamleys og Harrods og Poundland, koselige kveldar på restaurantar og cafear, og ikkje minst: Bare gå litt rundt omkring og sjå på folk og ting! Ta ein kikk :)
Vi måtte jo få med oss Buckingham Palace. Tilfeldigvis kom vi der samtidig som Chris Hoy, skotsk sykkelstjerne, og ei idrettsmarkering.
M&M :)
Mmmmm… Nydelig pynta kaker i Chinatown!
Skikkelig koselig blomsterutsalg!
Denne her blir ein godt kjent med etter nokre dagar i London!