Livet på verandaen
Vi har en veranda på sørsida av huset med masse sol og varme. Her er det gode forhold for å så og veksa! I år har eg sådd solsikker, pyntegraskar, tagetes, gyps/brudeslør og prestekragar. Og så er eg litt utolmodig, så eg må ha litt andre planter mens dette spirer:) Håpar på passelig med regn når vi er vekke i sommar, slik at dei ikkje tørkar heilt ut! Men enn så lenge er det frodig og fint her!
Hortensia frå Plantasjen. Han har budd her nokre veker, så dei første blomane har sett sine beste dagar. Men det kjem fleire! Den fine korga er rett og slett frå Europris.
Fuchsia! Dette er ein av mine favorittar. Denne skal henga, og eg har ingen potter som kan henga, så då får han stå i «drivskapet». Kjekt med litt fargar der også!
Spirene med dei store blada er pyntegraskara. Spent på desse! Dei burde vel ha vore i jorda for ei stund sidan, men først må Nemaslugen få ein sjanse til å ta livet av ein del av brunsneglane.
Og prestekragar. Desse hadde eg i fjor også, kjempefine!
Tagetes, alltid ein vinnar!
Dette er eg aller mest spent på… Gyps/brudeslør er nydeleg, men blir det noko av desse puslete spirene, tru?
Og solsikker, gler meg til dei blomstrar!
I din hage kommer du nærmere
Guds hjerte, og ditt eget hjerte, enn noe annet sted på jord. (Moderne skribent)