Tips
Alle innleggBlåbærmuffins
Nydelege blåbærmuffins! Måtte rydda litt i fryseboksen, og i går var det blåbær som skulle brukast. Fann denne gode oppskrifta på frukt.no/oppskrifter, og er veldig nøgd med resultatet! Prøv gjerne sjølv :) Desse er like mjuke og gode etter å ha vore i frysen, så det gjer ingenting om du lagar mykje!
Ingrediensar:
– 2 egg
– 1.5 dl sukker
– 75 g smelta smør
– 0.5 dl mjølk
– 3 dl kveitemjøl
– 1 ts bakepulver
– 2 dl blåbær
Set omnen på 225 grader. Visp egg og sukker til eggedosis. Smelt smør og avkjøl litt. Ha i smelta smør, mjøl og bakepulver vekselvis med mjølka. Vend blåbær forsiktig i. Dersom du vil prøva å unngå lilla muffins kan du heller ha blåbæra direkte i formene etter du har hatt røra i (etterpåklokskap!).
Steik i 12-15 minutt på 225 grader. Denne porsjonen gir omlag 20 muffins. Dei er fine å frysa, så lag gjerne dobbel porsjon :) Blåbæra gjer muffinsane veldig saftige, så ein treng ikkje krem oppå.