DSC_0055_1_R_lite

DETTE var godt! Ein nydeleg klippekrans med friskt og godt fyll, perfekt både til kvardags og fest! Eg har ikkje smakt klippekrans med denne type fyll før, så for min del blei det ei ny oppleving. Og det er garantert ikkje siste gong eg bakar denne :)

Sjølve gjærdeigen er den same som ligg under «Verdens beste bolledeig» her på bloggen. Det blir ein rimeleg stor porsjon med deig, så du har nok til 3-4 kringler eller eller 50-60 bollar.

DSC_0063_1_R_lite

Søt gjærdeig:

– 1 liter h-mjølk

– 200 g margarin

– 2 pk gjær

– 2 egg

– 2.5 dl sukker

– 3-4 ts kardemomme

– 0.5 ts salt

– Kveitemjøl til det vert passe mjuk deig, – går godt og vel 2 kg.

DSC_0057_1_R_lite

Smelt smøret i ei gryte som rommar minst 1.5 liter. Når smøret har smelta: Ha oppi mjølka. Varm litt opp til blandinga vert lunka (37 grader, test på handleddet). Ha oppi gjæren og løys han opp. Ta egga oppi blandinga, og rør godt. Så pleier eg å ha blandinga over i kjøkkenmaskinen min og starta den. (Absolutt fint med kjøkkenmaskin til så stor deig!) Ha i sukkeret, kardemommen, saltet og til slutt kveitemjølet. Det går godt og vel 2 kg kveitemjøl, men ha i litt og litt til deigen er passe mjuk.

Hev deigen ca 30 minutt i bollen under plastfolie.

 

Fyll per kringle

– 2 dl eplemos

– 1-2 ts kanel

– 1 dl vaniljekrem

– Rosiner etter smak

CIMG4102_R

Kjevle så ut ein del av deigen til eit rektangel. Når ein lagar kringler med syltetøy og/eller vaniljekrem kan det vera lurt å kjevla veldig tynt, slik at kringla er lettare å få gjennomsteikt. Bland eplemos med kanel og smør utover på deigen. Ha på små klattar med vaniljekrem, og rosiner om du ynskjer det. Rull saman kringla.

For klippekrans: legg «pølsa» på ei bakepapirkledd plate. Bruk ei skarp, rein saks og klipp rett ned, nesten gjennom heile «pølsa». Brett første felt til den eine sida, og neste felt til motsett side. La desse felta vera omlag 1-1.5 cm breie. Hald fram slik til du er ferdig! Sjølv om det er litt grisete, er det fint å pensla fylte klippekransar med egg. Ha gjerne mandelflak eller hakka mandlar på toppen om du ynskjer det! Melis er også godt. Med mykje godt og saftig fyll er denne kransen god om han ikkje er heilt fersk også!

DSC_0051_1_R_lite DSC_0065_1_R_lite DSC_0066_1_R_lite